Return to search

Implementering av relévern i ATPDraw / Implementing Relay logic in ATPDraw

Rapporten omhandlar utviklinga av relévernmodellar for bruk i ATPDraw. ATPDraw er eit simuleringsprogram for elektriske kretsar, og inneheld per i dag ikkje modellar av relévern.Fyrste del av rapporten tek for seg grunnleggande teori og virkemåte til dei vanlegaste typane relévern, samt diskré signalbehandling. Relévern omtala er overstraumvern, differensialvern og impedansvern. Av signalbehandling er det sett på omgjering av diskré signal til effektivverdiar og frekvenskomponentar, med amplitude og fase.I andre del av rapporten er resultata frå utviklingsarbeidet presentert. Kjeldekode for kvar modell er forklart, og flytskjema er vist for dei modellane med omfattande kode. Her er det også forklart kort om korleis modellane kan nyttast i ATPDraw.Til slutt er nokre av modellane verifisert mot eit fysisk relévern. Relévernet som vart nytta til verifisering var eit impedansvern levert av Siemens, modellnummer 7SA610. På bakgrunn av relévernets funksjonalitet vart kun modellane av impedansvern utan effektpendlingsfunksjon og overstraumvern samanlikna.Modellane presentert i denne oppgåva har som funksjon å etterlikne reelle relévern. Verna vart bygd opp frå grunnleggande teori om virkemåte funnen i diverse litteratur og artiklar. Denne virkemåten, presentert i fyrste del, er oppnådd på alle modellar. Av verifiserte modellar viser det seg at overstraumverna og signalbehandlingsmodellane har ein virkemåte tilsvarande reelle relévern, medan impedansvernmodellen har eit lite avvik. Dette kjem truleg av at relévernet nyttar seg av ytterligare filtrering.

Identiferoai:union.ndltd.org:UPSALLA1/oai:DiVA.org:ntnu-19033
Date January 2012
CreatorsStadheim, Torstein
PublisherNorges teknisk-naturvitenskapelige universitet, Institutt for elkraftteknikk, Institutt for elkraftteknikk
Source SetsDiVA Archive at Upsalla University
LanguageNorwegian
Detected LanguageNorwegian
TypeStudent thesis, info:eu-repo/semantics/bachelorThesis, text
Formatapplication/pdf
Rightsinfo:eu-repo/semantics/openAccess

Page generated in 0.0021 seconds