Avhandlinga er ein kasusstudie i 6. klasse i grunnskulen skuleåret 1998-99. Målet med studien er å utvikla kunnskap om i kva grad barn i dag synest å oppleva undervisninga om kulturskiftet i Noreg ca. 950-1050 som eit fruktbart kulturmøte. Forfattaren si antaking er at om barn i dag skal oppleva møtet med kulturskiftet som eit fruktbart kulturmøte, føreset dette at barna har utvikla erkjenning innan myte/religion, historie og estetikk. Vidare at barna opplever temaet som aktuelt og relevant. Studien tek utgangspunkt i undervisningsopplegget i to sjetteklassar i Sunnhordland, der sentreringspunktet er deira møte med Mostraspelet våren 1999. Gjennom ekskursjon til Moster våren 1998, med besøk i Moster gamle kyrkje, Moster amfi og Moster kyrkjehistoriske senter vart barna kjende med staden. Dei hadde vidare prosjektarbeid om vikingtida og fekk innføring i religionsskiftet i undervisninga gjennom året som førebuing til å sjå spelet. Gjennom denne prosessen vart det samla inn materiale i form av observasjonsnotat, intervju, teikningar, forteljingar og dramatiseringar. Som teoretisk grunnlag for analysen vert nytta den tyske kulturfilosofen Ernst Cassirers filosofi om dei symbolske formene. Sentralt i denne teorien er at menneska erkjenner seg sjølv og kulturen gjennom myte/religion, historie, språk, kunst og vitskap. I presentasjonen av resultata vert det gjeve eit oversiktsbilete frå dei to klassane og eit djupnestudium av einskildelevar og smågrupper. Både det mytisk-religiøse, det historiske og det estetiske perspektivet er med i barnas framstelling av møtet med kulturskiftet. Dette tyder på at skulen har lukkast med å nytta varierte arbeidsformer, som på ulik måte har appellert til barna og fått fram dei ulike perspektiva. Det kan sjå ut som at barna har hatt eit fruktbart kulturmøte, men dette må likevel nyanserast. Barna hadde ei omfattande førebuing til Mostraspelet. Dei fleste kjenner til sentrale norrøne gudar som Odin og Tor, men elles varierer kjennskapen mykje når det gjeld gudsforståinga. Barna framsteller verdsbiletet til vikingane i lys av ’pannekakemetaforen’. Norrøne skapingsmytar har få kjennskap til. Sentralt i forståinga deira av den kristne trua står Kvitekrist og at det her er tale om ein gud. Framstellinga av møtet mellom norrøn tru og kristendommen varierer: Frå eit konfliktparadigme til eit harmoniparadigme som dei mest vanlege oppfatningane, til nokre få barn som trekkjer fram overtyding og dialog. Jentene synest i større grad enn gutane å leggja vekt på det harmoniske. Det er ein tendens til å leggja større vekt på kvardagsliv enn før, sjølv om barna generelt oppfattar vikingsamfunnet som prega av brutalitet. Fleirtalet av barn opplevde møtet med Mostraspelet som kjekt og lærerikt. Dei legg vekt på at dei lærte om fortida. Ein del av barna seier at dei opplevde det kjedeleg å sjå spelet. Dette grunngjev dei med at dei gjennomskoda ’triksa’. For somme verkar det som om spenninga var teken bort på førehand. Barna har ulike meiningar om autensiteten i spelet; somme meiner forholda eigenleg var verre, andre at det var betre. Dei fleste synest ikkje å sjå nokon direkte samanheng mellom spelet og deira eiga notid og framtid. Barna er i liten grad opptekne av å formidla til andre det dei trur på. Dei fleste er også skeptiske, eller likesæle, dersom andre vil overtyda dei. Undersøkinga utfordrar til vidare forsking omkring kulturformidling og kulturskaping ved bruk av ekskursjon og historiske spel som nøkkel til kunnskap, innleving og oppleving.
Identifer | oai:union.ndltd.org:UPSALLA1/oai:DiVA.org:ntnu-947 |
Date | January 2002 |
Creators | Mæland, Kjellfrid Torun |
Publisher | Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet, Pedagogisk institutt, Pedagogisk institutt |
Source Sets | DiVA Archive at Upsalla University |
Language | Norwegian |
Detected Language | Norwegian |
Type | Doctoral thesis, monograph, info:eu-repo/semantics/doctoralThesis, text |
Format | application/pdf |
Rights | info:eu-repo/semantics/openAccess |
Relation | Doktoravhandlinger ved NTNU, 1503-8181 ; |
Page generated in 0.0019 seconds