I dag er biofilm på proteser operert inn i kroppen årsak til infeksjonar og pasientsmerter. Ein ynskjer å vite om kavitasjon kan nyttast til å fjerne denne biofilmen. Tidlegare medisinske studiar med kommersielt tilgjengelege ultralydbad har ikkje klargjort om kavitasjonsfenomenet eksisterer i dei kolbene protesene må være i. Dersom kavitasjon kan nyttast kan dette gje ein raskare og rimelegare metode for å fjerne biofilm enn det som eksisterar i dag.For å vite om kavitasjon kan nyttast må ein vite om fenomenet oppstår i ein glaskolbe. Dette fordi protesene må liggje i sterile omgivnadar som ein slik kolbe er. Dette undersøkjast i eit konstruert ultralydbad der ein har kontroll på det akustiske lydtrykket og frekvensen. Eigenskapane til ultralydbadet samanliknast med kavitasjonsteori og eit kommersielt ultralydbad for å finne best mogleg oppsett av ultralydbadet og for å fastsetje eit eigna akustisk signal.Generelle førebuande målingar med fleire frekvensar blei gjort for å finne omtrentleg kavitasjonsterskel for så å kunne fortsette med fleire grundigare forsøk. Målingar blei gjennomført både med og utan glaskolbe for å sjå på skilnadane dette gav. Pulsbreidda til det akustiske signalet blei variert for å sjå effekten dette hadde på kavitasjonsterskel og for å sjå kor korte pulsar ein kan nytte og framleis få i gang kavitasjonsfenomenet. Dette for å kunne ha så lite kavitering som mogleg.Kavitasjon viste seg å vere mogleg inne i ein glaskolbe med akustisk trykk over unit{176}{kilopascal} for pulsar på 15 ms og ein reptisjonsrate på 10 Hz. Kavitasjon var også mogleg å få til for endå kortare pulsar med same repetisjonsrate, då med ein auka kavitasjonsterskel (opptil 240 kPa).Sidan resultata viser at vatnet kaviterer inne i ein glaskolbe er det grunn til å tru at dette fenomenet kan nyttast til å fjerne biofilm og at ein difor bør fortsette studiar på dette området.
Identifer | oai:union.ndltd.org:UPSALLA1/oai:DiVA.org:ntnu-11655 |
Date | January 2010 |
Creators | Sandbakk, Tore |
Publisher | Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet, Institutt for elektronikk og telekommunikasjon, Institutt for elektronikk og telekommunikasjon |
Source Sets | DiVA Archive at Upsalla University |
Language | Norwegian |
Detected Language | Norwegian |
Type | Student thesis, info:eu-repo/semantics/bachelorThesis, text |
Format | application/pdf |
Rights | info:eu-repo/semantics/openAccess |
Page generated in 0.0032 seconds