Return to search

PROFRÅD karriereservice : Ei Q-metodisk undersøking av 15 karriererådgjevarar si oppleving og erfaring med bruk av kartleggingsvektøyet

The aim of this study has been to contribute to the sharing of knowledge and experiences related to the holistic assessment instrument PROFRÅD career service. The research is based on the use of Q-methodology, and 15 informants, all experienced in the use of PROFRÅD career service, have contributed to the research data. The informants have sorted a sample of 36 statements based on their subjective experience, regarding firstly consequences when using the assessment instrument in career counseling, secondly what the informants feel that the assessment instrument contributes to the counseling session and thirdly which career counseling perspectives career counselors bring in to the counseling session. Through factor analysis of the data material two factors were identified. These factors depict two different views on the subjective experience of the career counselors. The first factor has been named "Professional management of the counseling session", because the members of the factor is mainly concerned with facilitating reflection and awareness through structured review of the results from the assessment. The members also value the counselor’s role as a career counselor. The goal of the counseling session is action, and dedicating tasks to do after the session is meant to contribute to this. The second factor is called «Reflection and awareness without impact», and shows that influencing the client in his choice isn’t wished for. Instead the career counselor shall facilitate reflection as a process towards awareness and through this help the client to reach his goal. The members of this factor are also concerned with communicating the advantages and disadvantages of using assessment tools. In the discussion of this thesis these two views have been discussed in a theoretical context. The results show that the members of each factor have different approaches to the results of the assessment, thus leading to different paths towards the goal of action. The difference in approach consequently influences how they choose to fill their role as a career counselor. The thesis ends with a discussion of ethical awareness in use of assessment instruments. / Studien har som mål å bidra til kunnskaps-, opplevings- og erfaringsdeling om det heilskaplege kartleggingsverktøyet PROFRÅD karriereservice. Ei Q-metodisk tilnærming, der ein undersøkjer dei subjektive opplevingane og erfaringane til 15 karriererådgjevarar som er erfarne brukarar av kartleggingsverktøyet, har medverka til dette. Forskingsdeltakarane har ut i frå si subjektive oppleving og erfaring sortert 36 utsegner som omhandlar tre hovudområde. For det første, følgjer ved bruk av kartleggingsverktøy i karriererådgjeving, for det andre, kva kartleggingsverktøyet kan bidra med for karriererådgjevaren og for det tredje, kva karriererådgjevingsperspektiv karriererådgjevaren arbeidar ut i frå. Gjennom faktoranalyse av datamaterialet kom to faktorar til syne. Desse skildrar to ulike syn på erfaringar og opplevingar som karriererådgjevarane har i forhold til bruken av kartleggingsverktøyet. Den første faktoren har fått namnet «Profesjonell styring av rådgjevingssamtalen». Årsaken til dette er at medlemmane av faktoren er opptekne av å legge til rette for ein struktur som bidreg til refleksjon og bevisstgjering kring resultata frå kartlegginga. Vidare ser dei verdien av karriererådgjevaren si rolle i rådgjevingssamtalen. Målet med karriererådgjevinga er handling, som oppgåver i etterkant av rådgjevingssamtalen skal bidra til. Den andre faktoren har vorte kalla «Refleksjon og bevisstgjering utan påverknad». Dette viser til at medlemmane av faktor 2 legg særleg vekt på at ein ikkje skal påverke vegsøkaren i valet han skal ta. Ein skal heller legge til rette for ein refleksjons- og bevisstgjeringsprosess som kan hjelpe vegsøkaren mot målet. Vidare er ein i denne faktoren oppteken av å formidle fordelar og ulemper ved bruk av kartleggingsverktøy. I drøftingsdelen har dei to syna vorte drøfta og sett i lys av relevant teori. Det har kome fram at medlemmane av kvar faktor har ulik måte å arbeide med resultatet frå kartlegginga på. Dette førar til ulike vegar mot det same målet, som er handling. Dette får også følgjer for korleis dei vel å fylle rolla som karriererådgjevar. Til sist vert etisk bevisstheit i bruk av kartleggingsverktøy drøfta.

Identiferoai:union.ndltd.org:UPSALLA1/oai:DiVA.org:ntnu-17351
Date January 2012
CreatorsHunnes, Elisabeth
PublisherNorges teknisk-naturvitenskapelige universitet, Institutt for voksnes læring og rådgivningsvitenskap
Source SetsDiVA Archive at Upsalla University
LanguageNorwegian
Detected LanguageEnglish
TypeStudent thesis, info:eu-repo/semantics/bachelorThesis, text
Formatapplication/pdf
Rightsinfo:eu-repo/semantics/openAccess

Page generated in 0.0024 seconds