I denne oppgåva har eg studert avgansstudentar i fysikk sitt syn på studietida og framtida. Forskingsspørsmåla fokuserer på kva læringsaktivitetar studentane har likt, kva som har motivert dei gjennom studietida og kva ønskjer dei har for framtidig yrke. Vidare er det sett på kva verdiar som er viktige for dei vala studentane gjer, og korleis studentane har utvikla seg i løpet av eit fem år langt studie.Data er samla inn ved bruk av spørjeskjema, som vart sendt ut til studentane via e-post. Resultata viser at fysikkstudentane er ei gruppe som i stor grad let seg motivere og inspirere av eigne interesser og nysgjerrigheit. I studietida har dei sett pris på å kunne diskutere med likesinna, arbeide med oppgåveløysing og sjølvstudie. I framtida vil dei ha yrker som gjev dei moglegheit for å vidareutvikle kunnskapen og evnene dei har. Aller helst vil dei ha eit arbeid innanfor privat næringsliv eller forsking. Fysikkstudentane er ikkje redde for utfordringar. Dei har valt eit studie dei ser på som tidkrevjande og gjer val ut ifrå interesser, heller enn eit hensyn til relativ kostnad. Studentane har i løpet av studietida ikkje endra seg særleg mykje når det gjeld kva som motiverar dei, og kva faktorar som er avgjerande for val av arbeid. Deira nysgjerrigheit og sterke interessefokus har oppretthalde seg, og drive dei fram mot ei fullført mastergrad og eit yrke som gjev dei moglegheit til å utvikle seg vidare. Desse faktorane er dei same som studentane vektla ved studiestart. Faktorar som gjerne er knytt til status, som leiaransvar og høg inntekt, er imidlertid lite vektlagt av fysikkstudentane.
Identifer | oai:union.ndltd.org:UPSALLA1/oai:DiVA.org:ntnu-12797 |
Date | January 2011 |
Creators | Hauge, Helene |
Publisher | Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet, Institutt for fysikk, Institutt for fysikk |
Source Sets | DiVA Archive at Upsalla University |
Language | Norwegian |
Detected Language | Norwegian |
Type | Student thesis, info:eu-repo/semantics/bachelorThesis, text |
Format | application/pdf |
Rights | info:eu-repo/semantics/openAccess |
Page generated in 0.0013 seconds