Return to search

Kontroll av oljeutslipp frå havbotn : Control of Oil Spill at Sea Bed / Control of Oil Spill at Sea Bed

Med inspirasjon frå lekkasja etter «Deepwater Horizon»/Macondobrønnulukka i2010, er det foreslått og modellert eit nytt system for innfanging og oppsamlingav olje rett frå brønnhovudet ved lekkasje på store havdjup. Dette systemetbestår av eit stigerøyr som er senka frå eit farty ned på lekkasjestaden, med einoppsamlingskuppel i nedre enden. Systemet blir tetta ved å påføre eit lågare indretrykk i denne kuppelen enn det hydrostatiske havbotntrykket, slik at koplingamellom kuppelen og havbotnen blir hydrodynamisk foresgla.Denne modellen, som også innheld ein grov modell for heile brønnen, gjennomgårdatasimuleringar, kor han er diskretisert med karakteristikkmetoden.Alle simuleringane er i 1D, einfase. Det er lagt hovudvekt på oppstarten avsystemet. Som plattform for datasimuleringane er MATLAB nytta, og alle simuleringarer gjort på ei 64-bits bærbar datamaskin.Det viser seg at den vanskelegaste delen av oppstarten er tida frå strøyminga istigerøyret er stilleståande, til trykket i oppsamlingskuppelen synk under brønnhovudtrykket,slik at dei to systema blir eitt. Ei løysing på dette ser ut til å vereein sakte, liten, ikkjelineær senking av stigerøyrets topptrykk i to steg, først tilforsegling og samanslåing er oppnådd. Etter dette blir systemet meir medgjørleg,og kan enkelt påførast kva sluttrykk ein treng for å få oppsamlingskuppelen til åsetje seg i havbotnen.

Identiferoai:union.ndltd.org:UPSALLA1/oai:DiVA.org:ntnu-14265
Date January 2011
CreatorsVrålstad, Eivind
PublisherNorges teknisk-naturvitenskapelige universitet, Institutt for energi- og prosessteknikk, Institutt for energi- og prosessteknikk
Source SetsDiVA Archive at Upsalla University
LanguageNorwegian
Detected LanguageNorwegian
TypeStudent thesis, info:eu-repo/semantics/bachelorThesis, text
Formatapplication/pdf
Rightsinfo:eu-repo/semantics/openAccess

Page generated in 0.0016 seconds