Return to search

Analyse av varmesystem for større bygningar basert på varmepumpe og solvarmeanlegg / Analysis of Heating Systems for Non-Residential Buildings with Heat Pump and Solar Heaters

<p>Ved bruk av bergvarmepumpe vil temperaturen i grunnen bli redusert med tida. Resultatet er auka kompressorarbeid. Solfangarsystem kombinert med bergvarmepumpesystem, kan bidra til betre forhold for bergvarmepumpa. Det finst mange moglege kombinasjonar og det er behov for å analysera ulike løysingar. Målet med masteroppgåva var å foreta ei detaljert analyse av ulike tekniske kombinasjonsløysingar med solfangarsystem, varmepumpeanlegg og system for termisk energilagring for større bygningar. Det har blitt beskrive fire ulike systemløysingar med bergvarmepumpe, solvarmesystem og termisk energilagring (borehol), kor ulike eigenskapar ved løysingane blei trekt fram. Ei teknisk- og økonomisk analyse av to av kombinasjonsløysingane presentert som kombinasjonsløysing 2 og 3, har blitt utført ved hjelp av simuleringsprogram for sol (TSOL), for berggrunn (EED) og for varmepumpe (CoolPack). For å ha datagrunnlag til analysen blei Skadberg skole nytta som case. Skulen har stort behov for varmt vatn, og det var difor av interesse å nytta han som basis for analysen. Bakgrunnen for at kombinasjonsløysing 2 og 3 blei valt til å nytta i analysen, heng saman med grensa kompleksitet i høve til simuleringsprogram og tilgjengeleg tid. I tillegg var det av stor interesse å sjå korleis fluidtemperaturen blei endra ved ulik påverknad på berggrunnen; kombinasjonsløysing 2 varmar opp berggrunnen ved hjelp av solfangarar, medan kombinasjonsløysing 3 avlastar berggrunnen ved å nytta solfangarsystem til varmt vatn. For å lettare kunne sjå kva dei to solsystema hadde å sei for det totale elektriske energibehovet, blei det nytta eit referansesystem. Referansesystemet består av to bergvarmepumpesystem; CO2-varmepumpesystem for varmt vatn og NH3-varmepumpesystem for romoppvarming. For begge kombinasjonsløysingane blei fluidtemperaturen auka og kompressorarbeidet redusert i forhold til referansesystemet. Kombinasjonsløysing 2 fekk størst fluidtemperatur, medan kombinasjonsløysing 3 fekk lågast totalt behov for elektrisitet. Solvarmesystem er generelt forbunde med relativt store investeringar, noko som og gjeld for desse anlegga. Kostnaden for plan solfangar med dekklag, som blei nytta i kombinasjonsløysing 3, ligg i området 1 500 – 4 000 kr/m2. Dette resulterte i ei investering på 0,75 – 2,00 millionar, noko som er langt over den utrekna største tillate investeringa. I tillegg til solfangarane må ei rekna med investering til blant anna prosjektering, røyrføring, varmevekslarar, stativ og tankar. Noko som medførte at kombinasjonsløysing 3, med den konfigurasjonen som blei nytta i oppgåva, ikkje kunne bli lønsam. For plan solfangar utan dekklag, som blei nytta i kombinasjonsløysing 2, ligg kostnaden rundt 600 – 900 kr/m2. Investeringskostnad knyta til solfangarane blei dermed 300 000 – 450 000 kr. Denne kostnaden er over den største tillate investering, som blei funnen for simulert systemløysing. Dei aller fleste slutningar ein byggherre står overfor, er forbunde med risiko eller usikkerheit. Ei følsomheitsanalyse med variasjon i kalkulasjonsrente og energipris blei difor utført. Alle dei simulerte kombinasjonsløysingane er funne økonomisk ulønnsame, sjølv med denne variasjonen. Dette kan ein sei allereie før ein har full oversikt over komplett kostnadsbilete. Simuleringane er blitt gjort noko forenkla, grunna grensingar i tilgjengeleg tid og simuleringsprogram. Prinsippa i kombinasjonsløysingane er likevel vist og rekna på. Meir detaljerte og tidkrevjande simuleringar kan auka presisjonen om nødvendig.</p>

Identiferoai:union.ndltd.org:UPSALLA/oai:DiVA.org:ntnu-10574
Date January 2010
CreatorsHana, Maren
PublisherNorwegian University of Science and Technology, Department of Energy and Process Engineering, Institutt for energi- og prosessteknikk
Source SetsDiVA Archive at Upsalla University
LanguageNorwegian
Detected LanguageNorwegian
TypeStudent thesis, text

Page generated in 0.0021 seconds