• Refine Query
  • Source
  • Publication year
  • to
  • Language
  • 1
  • Tagged with
  • 1
  • 1
  • 1
  • 1
  • 1
  • 1
  • 1
  • 1
  • 1
  • About
  • The Global ETD Search service is a free service for researchers to find electronic theses and dissertations. This service is provided by the Networked Digital Library of Theses and Dissertations.
    Our metadata is collected from universities around the world. If you manage a university/consortium/country archive and want to be added, details can be found on the NDLTD website.
1

Solfangarar for norske lågenergibustadar / Solar collectors for Norwegian low-energy houses

Hovstad, Kjetil Helge January 2009 (has links)
Moderne, godt isolerte bustadar med ventilasjon og varmegjenvinning, har lågt energibehov til oppvarming. Dette har ført til at behovet for energi til oppvarming av tappevatn er den dominerande energiposten, spesielt i lågenergi- og passivhus.Noreg har gjennom Kyoto-avtalen forplikta seg til å redusere utsleppa av klimagassar til 1% over 1990 nivå. For å nå dette målet er det nødvendig å redusere energiforbruket vårt. Auka bruk av solfangarar i Noreg vil kunne bidra positivt til reduksjon av klimagassar som følgje av redusert energibruk. Oppgåva gjennomgår grunnleggjande prinsipp for utnytting av solenergi til romoppvarming og oppvarming av tappevatn, samt aktuelle system og bruksområde. For å gjere ei vurdering av nytteverdien av solfangarar i lågenergihus er det i denne oppgåva laga ein modell som reknar ut energiutbytte frå sola for fire leilegheiter med ulike varmebehov. Modellen tar utgangspunkt i solstrålingsdata og oppvarmingsbehov for ei leilegheit i Oslo. Ein lågenergibustad med solvarmeanlegg har stort potensiale til å redusere det årlege elektriske energiforbruket sitt. Antar ein at dette fører til tilsvarande reduksjon i energiproduksjon ved forureinande kolkraftverk i Europa, er potensialet for reduksjon av CO2-utslepp også stort.Ein investeringsanalyse basert på data frå modellen viser at det vil lønne seg å installere solfangaranlegg for varming av tappevatn. Det kan derimot ut frå privatøkonomiske synspunkt vere vanskelegare å forsvare ei større investering i solvarmeanlegg for romoppvarming i lågenergihus.

Page generated in 0.0146 seconds