1 |
Overoppvarming i passivhus samanlikna med hus med lågare isolasjonsstandard / Overheating in Passive Houses compared to houses with lower insulation standardSolheim, Siri Birkeland January 2012 (has links)
Det er stadig aukande interesse og fokus på energieffektivitet i byggesektoren, og passivhus er i dag på veg til å verte forskriftskrav i Noreg. Det er likevel stor ueinigheit i om passivhusa er godt nok utreda for konsekvensar i bruk til at dette kan skje i nærmaste framtid. Mykje av kritikken som vert retta mot passivhus er at det vert store problem med overvarme om sommaren.I denne rapporten er det presentert erfaringar frå passivhus i Noreg, Sverige og Danmark og gjennomført simuleringar. Målet er å finne ut om det er eit større problem med overvarme i passivhus enn i andre hus med lågare isolasjonsstandard.Erfaringane og simuleringane presentert i rapporten viser at isolasjonsevna ikkje har betydeleg innverknad på det termiske inneklimaet. Problem med overvarme vil difor oppstå i like stor grad i passivhus og bygg med lågare isolasjonsstandard. Simuleringane viser vidare at både passivhus og hus med lågare isolasjonsstandard vil har store problem med overvarme dersom det ikkje vert iverksatt tiltak for å hindre det. Tre strategiar for å redusere problemet er•Forhindre varmetilskot•Planlegge metode for å fjerne varmeoverskot•Sørgje for tilstrekkeleg varmelagringDersom desse strategiane vert gjennomført, vil den gode isolasjonsevna i passivhus stenge varmen ute og på denne måten sikre eit betre termisk inneklima på varme dagar enn hus med lågare isolasjonsstandard.
|
Page generated in 0.01 seconds