Rogfast er ein planlagt 26 km undersjøisk to løps T12,5 tunnel som skal kryssa Boknafjordenmellom Randaberg og Bokn. Djupaste punkt er på 390 meter under havet og skal i tillegg haeit toplans kryss med ein T10,5 enkel 4 km tunnel til Kvitsøy. Det siste året er det gjort eindel undersøkingar for armen opp til Kvitsøy. Desse undersøkingane er brukt som grunnlagfor denne oppgåva. Drivetekniske og bergmekaniske parametrar for bergartane som er funneunder kjerneboring er undersøkt. Det er også vurdert sikringsbehov for tunnelen etter StatensVegvesen sine sikringsklassar. Dette er gjort ut frå seismikk, flyfoto og numeriske analysar.Seismikken som er utført kring Kvitsøy, viser ein del svakhetssoner med i hovudsak strøkN-S. Det er oppdaga lågast seismisk hastighet i Kjørkjesundet. Dei borhola som er bora nordpå Krågøy viser høg Q-verdi (>10) for subvertikalt hol, 80 grader, medan 30 gradershol viserhøg Q-verdi dei øvste 150 metrane med dårlegare fjell under (Q-verdi<1). I desse borhola ogtidlegare utførte borhol er det utført vasstapsmålingar som visar tett materiale med lite vasstap.Samanliknar ein Lugeon-verdien med Q-verdien er det ein viss samanheng. Det subvertikaleborholet blei bora for spenningsmåling som er svært usikre grunna få målingar og lite eignamateriale for testing. Det blei funne spenning ved omlag 77 meter (v=2,9 MPa, h=0,4 MPa,H=1,7 MPa) og 202 meter (v=7-11 MPa, h=2-6 MPa, H=4-8 MPa med antakingar) djup.Utførte resistivitetsmålingar indikerer at fallet til svakhetsoner i området er steilt, eller svaktfall mot aust.Testing av bergmekaniske eigenskapar stadfestar tidlegare utførte målingar. Bergartane somer testa er grønnstein og svartskifer. Dei drivetekniske parametrane til svartskiferen indikerermiddels sprengbarhet (SPR), låg til høg borbarhet (DRI), låg til veldig låg borslitasje (BWI) ogmedium til høg levetid på TBM kuttarar (CLI). Testar på grønnsteinen indikerer god sprengbarhet,middels borbarhet, veldig låg borslitasje, og veldig høg til ekstremt høg CLI.Phase2 er brukt som modelleringsprogram i numerisk analyse. Inngangsparametra er valgtut frå dei bergmekaniske testane, spenningsmålingane, i tillegg til samanlikning med tidlegareutførte analysar. Det er modellert med grønnstein, tre kvalitetar på svartskifer i tillegg tilå sjå på kryssing av svakhetssoner. Analysen har i hovudsak lagt vekt på deformasjonar somer oppnådd med ulike sikringstypar. Grønnsteinen og beste kvaliteten på svartskiferen er dettilstrekkeleg å sikra med spredt bolting, sikringsklasse I. Svartskifer av middels kvalitet børsprøytebetong og systematisk bolting kombinerast (sikringsklasse III). Forbehandling av bergetvil vera ein fordel, men ikkje naudsynt ut i frå deformasjonar. Dårleg svartskifer og vedkryssing av svakhetssoner bør forbehandling av berget utførast. Dette kan gjerast som injeksjonog forbolting. Analysen viser at det bør leggast ein del arbeid ned i å få god injeksjonog forbetring av eigenskapane til berget. Tunnelen bør anten ha full utstøyping eller boltast imønster og brukast sprøytebetongbogar for knusingssona og dårleg svartskifer. Ein kan ogsåvurdera å støypa sålen, men då bør han krummast. Ved kryssing av svakhetssone er det endåviktigare å forbehandla berget. Dette for å avlasta sikringa og la fjellet ta opp meir krefter.Analyse av sikringsomfang for tunnelen viser at omlag 55 % av tunnellengda er forventaå koma i sikringsklasse I og II, medan omlag 10 % vil koma i sikringsklasse V og VI. Detbør fokuserast spesielt kring kryssing av fjordarmane på Kvitsøy, og kjerneboring på stuff børutførast for å vita om forbehandling av berget er naudsynt.
Identifer | oai:union.ndltd.org:UPSALLA1/oai:DiVA.org:ntnu-20099 |
Date | January 2012 |
Creators | Friestad, Leif Egil |
Publisher | Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet, Institutt for geologi og bergteknikk, Institutt for geologi og bergteknikk |
Source Sets | DiVA Archive at Upsalla University |
Language | Norwegian |
Detected Language | Norwegian |
Type | Student thesis, info:eu-repo/semantics/bachelorThesis, text |
Format | application/pdf |
Rights | info:eu-repo/semantics/openAccess |
Page generated in 0.0019 seconds