Return to search

Berekraftig energieffektivisering av eksisterande bygningar : Energieffektivisering av Sogndal vidaregåande skule avd. allmennfag / Sustainable Energy optimization of exisiting Buildings : Energy optimization of Sogndal Sixth Form College

Både gjennom nasjonale og internasjonale forpliktingar har Noreg bunde seg til å auke miljøinnsatse, og satsing på berekraft generelt, i byggesektoren. Blant anna skal klimagassutslepp og energiforbruk i bygningsmassen reduserast. Det er satt som mål at Noreg skal halvere sitt totale energibruk til drift av bygningar innan 2040. Vidare er det forventa krav om at det ved totalrehabilitering av eksisterande bygg skal oppgraderast til passivhusnivå innan 2020. For å nå målsetjinga knytta til berekraftsatsing, vil inngrep i eksisterande bygningsmasse dei kommande åra vere høgst naudsynt. Dette fordi det er planlagt å nytte heile 80% av dagens bygningsmasse, som forøvrig har eit stort vedlikehaldsetterslep forbunde med seg, også etter 2050.Særskild blant eldre bygg er det mange utfordringar og hindringar som vil kunne gjerast gjeldande ved inngrep. Det er difor, i denne masteroppgåva, teke sikte på å utreia mogelegheitane for å realisere energieffektiviseringspotensialet i eit eldre bygg på ein berekraftig måte. Som casebygg er det valgt ein vidaregåande skule frå 60-talet, med eit normalt vedlikehaldsetterslep. Det er sett på korleis ei berekraftig potensialrealisering kan oppnåast, med særskild vekt på det økonomiske aspektet og miljøaspektet ved berekraft. For diskusjon av masteroppgåvas problemstilling er det teke utgangspunkt i caseeigedommen, Sogndal vidaregåande skule avd. allmenfag, Fosshaugane Campus, Sogndal. Eigedommen består av eit undervisningsbygg frå 1963, med eit tilhørande administrativt tilbygg oppført i 1990. For caseeigedommen er det gjennomført ein tekniske tilstandsanalyse, og bygga har fått ein gjennomsnittleg tilstandsgrad på 2. Dagens energibruk er simulert til å vere 345 kWh/m2. Dette gir ein energi- og oppvarmingskarakter tilsvarande ein raud F. For caseeigedommen er det utarbeida to ulike konsept for berekraftig potensialrealisering. Utgangspunktet for utarbeiding av konsept har vore å halde seg innanfor både bygningstekniske og økonomisk forsvarlege rammer. Dei to konsepta representerer grenseområda mellom maksimal lønsemd for byggeigar, og ytterlegare tiltak med omsyn for miljø. KONSEPT 1 OG 2Blant dei føreslegne energieffektiviseringstiltaka, er det utskifting av vindauger og dører som skiljer konsept 1 og konsept 2, då dette berre er føreslege i konsept 2. For begge konsepta er det føreslege installasjon av varmegjenvinnar, samt etterisolering av tak. Når det gjeld endring av energiform er dette ikkje funne hensiktsmessig for bygget. Ei oppsummering av konsept 1 og konsept 2, med forventa ny energibruk, og oppvarmings- og energikarakter (etter gjennomføring av alle energieffektiviseringstiltak), saman med investeringskostnadane og estimert noverdi for konsepta er presentert i tabellane under. Den totale investeringskostnaden knytta til konsept 2 er altså større enn den totale investeringskostnaden for konsept 1. Dette er på grunn av at det i konsept 2 vert skifta ut vindauger og dører. I tillegg til å vere det rimelegaste konseptet, gjev konsept 1 og den største noverdien ved gjennomføring. Konsept 2 gjev derimot den største reduksjonen i forbruk av energi, ettersom det inkluderer i tillegg til tiltaka i konsept 1, eit tiltak med negativ noverdi for eigar. Basert på eit ambisjonsnivå frå myndigheiter om ein vesentleg reduksjon i energiforbruk i eksisterande bygningsmasse er det diskutert kva ytterlegare energireduksjon i bygningsmassen vil koste, samanlikna med tiltak som kan gjerast andre plassar. Diskusjon av korleis ein skal vekte det økonomiske berekraftaspektet mot det miljøaspektet ved berekraft resulterar i at det vert anbefalt å gå vidare med konsept 1, ettersom den ekstra miljøsparinga ein kan få utført ved val av konsept 2 er vurdert for dyr. Likevel vert det presisert at moglegheitane for ytterlegare energieffektivisering av bygningsmassen kan verte aktuellt når bygningen må takast att av andre omsyn enn berre energieffektivisering, ettersom kostnad ved utføring av energieffektiviseringstiltak då vil kunne verte redusert. For bygningsmassen som heilheit argumenterast det for at energisatsinga i eksisterande bygningsmasse til ei viss grad bør tillatast å kunne gå på bekostning av lønsemd. Dette for å sikre at Noreg overheld sine internasjonale forpliktingar knytta til berekraftsatsing i eksisterande bygg. Ein føresetnad bør likevel vere at tiltaka som vert sette i verk gjev betydeleg energisparing.

Identiferoai:union.ndltd.org:UPSALLA1/oai:DiVA.org:ntnu-18679
Date January 2012
CreatorsTokvam, Tor Mikkel
PublisherNorges teknisk-naturvitenskapelige universitet, Institutt for bygg, anlegg og transport, Institutt for bygg, anlegg og transport
Source SetsDiVA Archive at Upsalla University
LanguageNorwegian
Detected LanguageNorwegian
TypeStudent thesis, info:eu-repo/semantics/bachelorThesis, text
Formatapplication/pdf
Rightsinfo:eu-repo/semantics/openAccess

Page generated in 0.0039 seconds