Return to search

DSP for Lågeffekt Programvaredefinert Radio / Low Power Software Defined Radio

Programvaredefinert radio (SDR) er ein ny måte å implementere radiosystem på. Hovudtanken er at delar av radioen som tidlegare har vore implementert med låste analoge og digitale løysingar skal erstattast med programvare som køyrer på ein prosessor. Dette kan forbetre mellom anna fleksibilitet, tilpassingsdyktigheit og produksjonskostnadar.Denne oppgåva tek for seg ein DSP-arkitektur spesielt tilpassa lågeffekt modulasjon og demodulasjon av radiosignaler med lav kompleksitet. Bluetooth er vald som døme og demodulasjonsdelen av denne er analysert for å belyse kva krav ein slik applikasjon vil stille til ein digital signalprosessor.Gjennom denne analyse kjem det fram at ein del av applikasjonen, estimasjon av arcus tangens, bør akselererast for å oppnå optimal yting og effektforbruk. Dette blir realisert gjennom å introdusere ei CORDIC-eining i systemet. Denne er så satt i samanheng med resten av prosessorarkitekturen, og det er sett på korleis dette påverkar krava til arkitekturen.Det blir mellom anna konkludert med at DSP-en bør innehalde ein dedikert løkkehandterar samt ein cache for programminnet.

Identiferoai:union.ndltd.org:UPSALLA1/oai:DiVA.org:ntnu-14038
Date January 2011
CreatorsMaråk, Martin
PublisherNorges teknisk-naturvitenskapelige universitet, Institutt for elektronikk og telekommunikasjon, Institutt for elektronikk og telekommunikasjon
Source SetsDiVA Archive at Upsalla University
LanguageNorwegian
Detected LanguageNorwegian
TypeStudent thesis, info:eu-repo/semantics/bachelorThesis, text
Formatapplication/pdf
Rightsinfo:eu-repo/semantics/openAccess

Page generated in 0.0087 seconds