Return to search

Ein vestnorsk intonasjonsfonologi

Avhandlinga tek føre seg tonal fonologi, med hovudvekt på intonasjonsfonologi, men òg litt metrisk fonologi. Utgangspunktet for studien er sunnmørsk. TBU i sunnmørsk er mora. Den leksikalske tonen ved tonelag 2 er etablert som ein eigen morfo-leksikalsk tone (ulikt AP-grensetonen), ikkje som ein intonasjonell tone. Fokalitet i sunnmørsk vert markert gjennom ein ekstra låg tone og ny neddrift, med det finst indikasjonar på ein ekstra høg tone òg, som elles er kjend m.a. frå austnorsk. Austnorsk og vestnorsk er dermed ikkje berre spegelbilete av kvarandre. Det morfo-tonale prosodiske ordet vert avvist til fordel for det metriske prosodiske ordet. Neddrift finst i sunnmørsk som ukomprimert og komprimert, avhengig av plasseringa i det tonale prosodiske hierarkiet, dette til skilnad frå austnorsk, som berre har komprimert neddrift. Etterlekkstrykk i sunnmørsk er avhengig av både metriske og morfologiske forhold, og samverkar med både ordklassetilhøyrsle og morfoleksikalsk-tonale forhold. Alt i alt viser det seg at dei tonale forholda byggjer meir på metriske forhold enn det er teke høgd for i den tradisjonelle bruken av Trondheims-modellen for norsk intonasjon, samstundes som det ikkje er noko éin til éin-forhold mellom dei metriske og dei tonale domenegrensene.

Identiferoai:union.ndltd.org:UPSALLA1/oai:DiVA.org:ntnu-17
Date January 2003
CreatorsAbrahamsen, Jardar Eggesbø
PublisherNorges teknisk-naturvitenskapelige universitet, Det historisk-filosofiske fakultet
Source SetsDiVA Archive at Upsalla University
LanguageNorwegian Nynorsk
Detected LanguageNorwegian
TypeDoctoral thesis, monograph, info:eu-repo/semantics/doctoralThesis, text
Formatapplication/pdf
Rightsinfo:eu-repo/semantics/openAccess

Page generated in 0.0016 seconds