• Refine Query
  • Source
  • Publication year
  • to
  • Language
  • 1
  • Tagged with
  • 1
  • 1
  • 1
  • 1
  • 1
  • 1
  • About
  • The Global ETD Search service is a free service for researchers to find electronic theses and dissertations. This service is provided by the Networked Digital Library of Theses and Dissertations.
    Our metadata is collected from universities around the world. If you manage a university/consortium/country archive and want to be added, details can be found on the NDLTD website.
1

Korleis nytte fleirmåls beslutningsanalyse og influensdiagram til vedlikehaldsplanlegging av sjøkabelanlegg. / How to use Multi Criteria Decision Analysis and Influencediagrams on Maintenanceplanning of Electrical Seacablesystems.

Ørjasæter, Hans January 2008 (has links)
Vedlikehald av sjøkabelanlegg er eit tema som det er lite fokus på i mange nettselskap, og lite feil og statistikkar fører ofte til ein havaristyrt strategi. I denne oppgåva ser ein på korleis fleirmåls beslutningsanalyse og influensdiagram kan brukast til å vurdere tilstanden til sjøkabelanlegg. Dette for at ein på ein betre måte skal kunne sortere ut dei anlegga med dårligast tilstand. FMBA-verktøyet som er brukt er ein prototyp frå Sintef som er basert på MS Excel og dette har ikkje vore brukt på ei slik problemstilling før. Verktøyet har stort sett vore brukt på få prosjekt med mykje informasjon og tilhøyrande økonomiske analyser, mens det i dette tilfellet er brukt på mange anlegg utan økonomiske analyser. Dette har ført til nokre justeringar for at verktøyet skal fungere best mogeleg for dette formålet. For å gjennomføre ei slik analyse trengs mykje informasjon om anlegga, og ein del tid har gått med til å strukturere all informasjonen og presentere denne på ein god måte. Mesteparten av arbeidet som er gjort ligg i store tabellar, så det anbefalast å sjå godt på desse. For å gjennomføre ei kvalitativ vurdering må ein definere dei kvalitative faktorane som skal vurderast. I denne analysa er desse faktorane økonomi, leveringspåliteilgheit, personsikkerheit, ytre miljø, omdømme og teknisk tilstand. Desse faktorane er vekta opp i mot kvarandre ved hjelp av AHP-metoden for å bestemme fraksjonen av kor mykje dei ulike faktorane bidreg til det totale resultatet. Dei ulike faktorane vert og delt opp i ei gradering slik at ein ved vurdering av anlegga velger kor stort utslag på skalaen anlegget gir.Sjølv om mykje informasjon om anlegga er samla inn vart det vurdert til at datagrunnlaget var for tynt til å gjennomføre ei reell analyse. Vurderingane som er gjort på anlegga er difor fiktive, men graderinga er gjort på grunnlag av dei opplysningane som er kjent rundt anlegget.Ved å legge inn alle vurderingar i FMBA-verktøyet og modifisere resultatvisninga noko får ein fram ei god oversikt over korleis tilstanden til dei ulike anlegga er. Utifrå desse resultata kan ein for eksempel bestemme kva slags anlegg ein bør sette i gang forebyggande tiltak ved, eller bestemme inspeksjonsintervall for anlegga i ein vedlikehaldsplan. Influensdiagrammet som er laga i Netica er laga som et komplement til FMBA-verktøyet. I dette diagrammet kan ein legge inn vurderinga av eit anlegg for så å forandre på vurderinga og skaleringa av kriteria, og få ut den nye kvalitative verdien. På denne måten slepp ein å legge inn alle data på nytt i FMBA-verktøyet, men ser endringa i kvalitativ verdi umiddelbart. For å bli kjend med Netica-verktøyet vart det laga ein modell der delar av prosjektoppgåva frå hausten 2007 vart teke i bruk. Den tar for seg korleis KILE vert påvirka av ei eventuell fjerning av ein kabel i nettet, og ein har muligheit til å forandre på parameterar som last og lengde på utetid. Utifrå det som er erfart i denne oppgåva gir vurdering ved hjelp av FMBA-verktøy ei god framstilling av tilstanden til anlegga. Resultata kan brukast til å legge opp vedlikehaldsplanar, og vedlikehaldsstrategiar kan enkelt knyttast til analysen. Sidan mykje av denne analysa er basert på antakelsar er det usikkert kor god den er i realiteten, og derfor bør det gjennomførast fleire prosjekt med fokus på dette temaet. Eit steg vidare vil for eksempel vere å teste analysemetoden på eit utvalg av kablar der ein skaffar seg mykje informasjon om kablane og foretek både mekaniske og elektriske undersøkelsar. På denne måten kan ein få ei reell analyse som vil gi betre grunnlag for å vurdere om denne metoden gir eit godt bilde av virkeligheita.

Page generated in 0.0157 seconds