Fokuset for denne masteroppgåva har vore å undersøke kva opplevingar deltakarane i ei ressursgruppe for studentar med AD/HD og liknande utfordringar har. Studien vil spesielt belyse korleis tre informantar frå denne gruppa opplever det å vere studentar og deltakarar i gruppa, og kva opplevingar dei har i forhold til meistring av studiane og synet på seg sjølv. Teoretisk utgangspunkt har vore kva ressursgruppa er, og korleis dette tilbodet står i forhold til definisjonar av mellom anna rådgjevingsgrupper, støttegrupper og sjølvhjelpsgrupper, og forsking gjort på slike grupper. Vidare vart det nytta ulike teoriar og tradisjonar som forklarar omgrepet sjølvoppfatning. For å gjere greie for prosessen deltakarane har vore igjennom kom ein slik innom teoriar om myndiggjering, bevisstgjering og det å vere agent i eige liv. For å svare på problemstillinga vart kvalitativ metode med inspirasjon frå fenomenologisk tilnærming nytta. Analysen vart gjennomført ved å kategorisere dei tema som kom fram i intervjua. Ved å bruke setningar, ord og uttrykk frå det informantane fortalde forma det seg tre hovudkategoriar; meistring, solidaritet og synet på seg sjølv. Desse gav også ramma for ei forståing og ein kunnskap om dei erfaringane og opplevingane informantane har gjort seg. Hovudfunna til studien ligg i forhold til opplevinga av å vere i ressursgruppa og det meir positive synet informantane no har på seg sjølv og si forventning til meistring av studiekvardagen.
Identifer | oai:union.ndltd.org:UPSALLA1/oai:DiVA.org:ntnu-15085 |
Date | January 2011 |
Creators | Knutsen, Lone Ellingvåg |
Publisher | Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet, Institutt for voksnes læring og rådgivningsvitenskap |
Source Sets | DiVA Archive at Upsalla University |
Language | Norwegian |
Detected Language | Norwegian |
Type | Student thesis, info:eu-repo/semantics/bachelorThesis, text |
Format | application/pdf |
Rights | info:eu-repo/semantics/openAccess |
Page generated in 0.0012 seconds