Målet med denne bacheloroppgåva var å studere to bøker av Tomas Espedal og Kristian Lundberg for å sjå kva deira språklege grep kunne seie oss om synet på språk og røyndom i bøkene. Eg studerte bøkene imot kunsten og imot naturen av Espedal og Yarden og Och allt skall vara kärlek av Lundberg med vekt på dei språklege verkemidla dei har brukt. Alle bøkene går innunder omgrepet sjølvframstillande litteratur og eg har jamstilt formen med dei andre språklege verkemidla for å sjå kva også sjangeren dei har skrive i har hatt å seie for å kunne utrykkje eit syn på forholdet mellom språk og verd i bøkene. Eg tok utgangspunkt i teorien rundt språkfilosofi og underleggjering i litteraturen og brukte dette som grunnlag for min komparative analyse. Det eg til slutt kom fram til er at både formen og dei andre språklege verkemidla utrykkjer eit syn på språket som utilstrekkeleg og røyndommen som noko subjektivt som heile tida er i forandring. Ein konstruerer si eiga verd gjennom ein individuell bruk av språket. Dei litterære grepa utrykkjer dette på ulikt sett, som til dømes komposisjonen som vitnar om ei uoversikteleg verd og eit minne ein ikkje kan stole på. Prosainnslaga viser til ei verd utan klare grenser og med eit behov for eit språk som kan vise til noko meir enn dei språklege bileta vi allereie kjenner. Sjølvframstillinga i seg sjølv viser til ei subjektiv røynd, med eit subjektiv språk der grensene mellom fakta og fiksjon er utflytande. Dermed kan ein forstå desse fire bøkene som eit forsøk på å seie noko meir enn det språket kan utrykkje og som eit lite klapp på skuldra som fortel deg at det finst ei sanning så lenge du godtek at den er subjektiv og konstruert i språket.
Identifer | oai:union.ndltd.org:UPSALLA1/oai:DiVA.org:uu-200788 |
Date | January 2013 |
Creators | Furset, Karoline |
Publisher | Uppsala universitet, Litteraturvetenskapliga institutionen |
Source Sets | DiVA Archive at Upsalla University |
Language | Norwegian Nynorsk |
Detected Language | Norwegian |
Type | Student thesis, info:eu-repo/semantics/bachelorThesis, text |
Format | application/pdf |
Rights | info:eu-repo/semantics/openAccess |
Page generated in 0.0022 seconds