Return to search

Ideologi og språkpolitikk : Jamstillingsvedtaket i læreplanar for norskfaget

Etter jamstillingsvedtaket av 1885 er dei to norske skriftspråka nynorsk og bokmål sidestilte i offentleg bruk. Formelt sett har målformene like vilkår, men reelt sett står bokmål sterkare og er meir utbreitt enn nynorsk. Skulen er ein viktig forvaltar av det norske språk, og det er her elevane får systematisk språkopplæring. I august 2013 tok ei revidert utgåve av Kunnskapsløftet til å gjelde, og gjennom revisjonsprosessen fekk sidemålsopplæringa mykje omtale. Den rådande språkpolitikken i Noreg har som eit overordna mål å styrkje det norske språket og gjere det til eit samfunnsberande språk. I tillegg er det eit underforstått prinsipp at spesielt nynorsken skal fremjast. Det språklege mangfaldet vert sett på som ein nasjonal ressurs, og opplæringa skal forvalte og utvikle verdien av å ha to sidestilte målformer. Læreplanane i norskfaget kan seiast å vere uttrykk for språkpolitikken, og innhaldet i planane speglar kva som er dei språkpolitiske måla. Gjennom ein analyse av læreplanar frå 1974–2013, undersøkjer eg korleis toskriftsituasjonen kjem fram i læreplanane. Eg ser på intensjonane bak den formelle jamstillinga og på føresetnadane for å realisere denne. Målet er å finne ut korleis læreplanane som tekstar legg opp til ei meir reell jamstilling av målformene i norskfaget. Gjennom fire aspekt syner analysen at det har vore ei utvikling i korleis læreplanane organiserer innhaldet i norskfaget og korleis toskriftspråkssituasjonen vert omtala og teken omsyn til. Dei siste planane kan i større grad seiast å styrkje jamstillinga av bokmål og nynorsk gjennom målformuleringar, organisering, legitimering av toskriftspråkssituasjonen og omgrepsbruk. At utviklinga har gått den vegen samsvarar med det som er den rådande språkpolitikken. Analysen viser at utviklinga har gått i retning av å få eit meir heilskapleg norskfag som i større grad enn tidlegare fremjar toskriftspråkssituasjonen som ein del av heile norskopplæringa. Dette er i tråd med det som vert lagt fram som måla for språkpolitikken. Likevel er ikkje debatten om sidemålsopplæringa avslutta heilt. Det vert hevda at vi i Noreg har eit problematisk syn på toskriftspråkssituasjonen, og debatten om sidemålsopplæringa under revisjonen av Kunnskapsløftet syner at dette er ein viktig del av norskfaget. Læreplanane legg føringar for språkopplæringa, og utforminga av planane er difor viktig. Læreplanen i norsk har såleis innverknad på jamstillinga av bokmål og nynorsk ved at det legg føringar for korleis det skal takast omsyn til toskriftspråkssituasjonen i opplæringa.

Identiferoai:union.ndltd.org:UPSALLA1/oai:DiVA.org:ntnu-26139
Date January 2014
CreatorsRavnestad, Eldbjørg Synnøve Myklebust
PublisherNorges teknisk-naturvitenskapelige universitet, Institutt for språk og litteratur
Source SetsDiVA Archive at Upsalla University
LanguageNorwegian
Detected LanguageNorwegian
TypeStudent thesis, info:eu-repo/semantics/bachelorThesis, text
Formatapplication/pdf, application/pdf
Rightsinfo:eu-repo/semantics/openAccess, info:eu-repo/semantics/openAccess

Page generated in 0.0023 seconds