Return to search

Frå folkeopplysning til vaksenopplæring

Temaet for dette arbeidet er framveksten og utviklinga av eit fenomen med mange namn, men som med eit overordna begrep her blir kalla vaksenopplæring. I røynda er det eit begrep som høyrer til tida etter 1945, medan folkeopplysning vil vere det dekkande ordet for tida før. Som tittelen på avhandlinga seier er det utviklinga frå folkeopplysning til vaksenopplæring som blir skildra. Denne begrepsutviklinga har parallellar i andre språksamfunn, t.d. i Sverige der ein talar om folkbildning og vuxenutdanning og i Tyskland der begrepsbruken har endra seg frå Volksbildung til Erwachsenenbildung.1 Det samlande begrepet i engelsk språkbruk er adult education. Det dekkjer praksisfeltet, fagfeltet og forskingsfeltet og omfattar i tillegg både education og learning frå det heilt uformelle til det formelle. Dette engelske begrepet har eksistert i to hundre år, og eg vil her bruke vaksenopplæring (i tillegg til folkeopplysning) for alle periodar.

Identiferoai:union.ndltd.org:UPSALLA1/oai:DiVA.org:ntnu-694
Date January 2005
CreatorsTøsse, Sigvart
PublisherNorges teknisk-naturvitenskapelige universitet, Fakultet for samfunnsvitenskap og teknologiledelse, Fakultet for samfunnsvitenskap og teknologiledelse
Source SetsDiVA Archive at Upsalla University
LanguageNorwegian
Detected LanguageNorwegian
TypeDoctoral thesis, monograph, info:eu-repo/semantics/doctoralThesis, text
Formatapplication/pdf
Rightsinfo:eu-repo/semantics/openAccess
RelationDoktoravhandlinger ved NTNU, 1503-8181 ; 2005:14

Page generated in 0.0019 seconds