Return to search

Byggeklossar i barnespråk : Om tre norske born si tileigning av funksjonelle kategoriar

Eit viktig område av språkvitskapen tar føre seg korleis born lærer språk. Denne masteroppgåva ser konkret på korleis tre norske born tileignar seg funksjonelle kategoriar, meir spesifikt hjelpeverb, negasjon, topikalisering, kv-spørsmål og underordning. To av hypotesane som er nytta for å undersøke dette er framhaldshypotesen og modningshypotesen. Ut frå båe er det utkrystallisert relativt generelle prediksjonar om syntaktisk språkutvikling, og i denne oppgåva er hypotesane primært nytta til å sjå om språkutviklinga til dei tre informantane er lineær eller ikkje lineær, altså i kva rekkefølgje den syntaktiske strukturen kjem til uttrykk gjennom språket deira over tid. Oppgåva har eit spesielt fokus på C-domenet, og analyseverktøyet som er nytta for å undersøke dette er ein hypotese om det sårbare C-domenet og ein syntaktisk modell av ein splitta CP. Datagrunnlaget som er nytta for å undersøke det ovannemnde er transkripsjonar av nyinnsamla opptak av spontan tale frå tre norske jenter i alderen 24 til 31 månader. Opptaka er gjorde med jamne mellomrom i eit halvt år. Den språkutviklinga ein finn i dataa som ligg til grunn for oppgåva, gir ikkje eintydig støtte til nokon av dei tre nemnde hypotesane, men ulike element av funna passar med delar av hypotesane. Spesielt syner linearitet seg å vere eit komplekst tema fordi setningsstrukturen på éi side ikkje ser ut til å utvikle seg trinnvis frå botnen og opp, men på ei anna side syner det ein kan kalle eit stabilitetsproblem, der dei høgaste delane av strukturen oftare er ikkje målspråklike enn dei lågare delane. I denne oppgåva vert dette skildra som at setningsstrukturen har meir og mindre stabile komponentar.

Identiferoai:union.ndltd.org:UPSALLA1/oai:DiVA.org:ntnu-26448
Date January 2014
CreatorsLarsen, Tina Louise Ringstad
PublisherNorges teknisk-naturvitenskapelige universitet, Institutt for språk og litteratur
Source SetsDiVA Archive at Upsalla University
LanguageNorwegian
Detected LanguageNorwegian
TypeStudent thesis, info:eu-repo/semantics/bachelorThesis, text
Formatapplication/pdf, application/pdf
Rightsinfo:eu-repo/semantics/openAccess, info:eu-repo/semantics/openAccess

Page generated in 0.0121 seconds